Framside Fellesskap og mangfold Nyheter Møtte Jesus på julefest

Møtte Jesus på julefest

På julafta hadde vi den tradisjonelle julelunsjen vår i Fjell Kulturhus. Langt over hundre personar var med. Det var eit flott program, fantastisk mat og det beste av alt; å få gje ei julegåve til det sosiale arbeidet blant vanskelegstilte born i Cruce Taquiña og Quintanilla like utanfor Cochabamba i Bolivia. Sidan vi hadde panlagt denne gåva til desse barna, hadde vi forskottert deler av det på førehand, slik at dei skulle kunna stella til fest på julekvelden dei også, slik vi gjer det her heime. Mange fleire enn dei som er med på matprogrammet var inviterte, så det var mange vi kunne gleda oss saman med, sjølv om vi er langt borte.

Då eg kom heim i dag, etter to dagar med flotte familiebesøk på Osterøy og slo på PC'en, så eg at det låg ei melding til meg frå Bolivia på Skype. Der kunne eg lesa at dei julekvelden hadde hatt to flotte julefestar. Rapporten førelåg berre på den eine, den i Cruce Taquiña. Dei hadde hatt ein fantastisk kveld, og 28 barn og unge hadde teke imot Jesus på festen.

Det var dette som var fokuset vårt på julelunsjen i Kulturhuset også. Ekte juleglede finnes ikkje i alt det materielle, men i å få møta han som jula handlar om, Jesus Kristus.
 


Andre artikler


Søk etter...

Besøkende

Vi har 3 gjester her nå

Waterwalkers - hvem vi er

Waterwalkers er navnet på ungdomsgjengen i menigheten Kristent Fellesskap Sotra og Øygarden. Vi er en sprek gjeng med bortimot tjuefem flotte ungdommer i alderen 13 til 20 år. les mer

Fellesskap og mangfold

Hverdagsfellesskap inneholder mange forskjellige treffpunkt. Som kristne er vi utrustet med Den Hellige Ånd, vi har ulike gaver, tjenester, talenter og interesser. Dette gjør at vi utfyller hverandre i et mangfold slik Gud hadde tenkt.  les mer
| Org.nr.: 880 928 082      |       Daglig leder og Webansvarlig redaktør: Norleif Askeland       |     Postadresse: Postboks 162, 5342 STRAUME    |
| Design og utvikling:
Leif-Inge Lindahl       |         System: Joomla 1.5.8      |        Tilpasset Joomla-template:"JA Purity" designed by JoomlArt.com    |